Prosjektomtale

Map of Norway with Norwegian Flag on a white background
Colourbox

Kommunereforma vart initiert av regjeringa Solberg våren 2014, og fekk seinare tilslutnad frå Stortinget. Målet er «større, mer robuste kommuner med økt makt og myndighet», noko regjeringa ser som nødvendig for å møte «morgendagens utfordringer og stadig økte forventninger fra innbyggerne». Reforma tek også sikte på samanslåing av fylkeskommunar til større regionar. Utfallet av kommunereforma er enno uvisst, men reforma er potensielt den mest gjennomgripande politiske-administrative reforma i Noreg på fleire tiår, og den offentlege interessa for prosessane er stor.

Ei forskargruppe leia frå Uni Research Rokkansenteret skal følgje kommunereforma framover til utgangen av 2019, då hovudfasen av kommunesamanslåingar etter planen skal vere gjennomført. Prosjektet vart etablert på nyåret 2016, og er finansiert gjennom forskingsrådsprogrammet Demos. I utlysinga hette det at forskinga skal «se på reformens virkemidler, aktørene og deres roller, hvilke drivere reformen har på ulike nivåer/områder og hvordan disse påvirker prosess og utfall. Kommunereformen skal analyseres både nasjonalt, lokalt og regionalt.»

Prosjektet Reshaping the Map of Local and Regional Self-Government. A study of the Norwegian Local Government Reform processes 2014–2019 er eit samarbeid mellom fleire norske og nordiske samfunnsforskarar – og forskarmiljø. Gruppa skal følgje reformprosessen undervegs, og hovudtyngda av vitskaplege publikasjonar vil etter planen kome frå 2018 og utover.

Kommunereforma kan karakteriserast som éi reform, men mange reformer. Det er ei sentralstyrt reform, forankra i vedtak i storting og regjering, og understøtta gjennom ulike typar verkemiddel – men reforma tek òg form av eit utal differensierte lokale og regionale prosessar, der ulike aktørar drøftar føresetnadene for å flytte grenser mellom kommunar (og mellom fylkeskommunar) og skape større einingar. Forskargruppa tek sikte på å fange reforma slik ho manifesterer seg på dei ulike nivåa, og sjølve dynamikken mellom sentrale og lokale prosessar. Datainnsamlinga vil skje i form av spørjegranskingar, intervju og dokumentanalyse. Eit utval lokale prosessar skal studerast spesielt. Samanlikning vil vere eit viktig metodisk hjelpemiddel. Det er ulikskapar mellom lokale prosessforløp i ulike delar av landet, og desse skilnadene må forklarast. Prosessane vil elles fortolkast ved å samanlikne med motsvarande erfaringar frå andre europeiske land, historiske erfaringar frå vårt eige land og andre nivåovergripande reformer i norsk offentleg sektor.

Uni Research Rokkansenteret